Writing /var/www/srib.no/intern/data/cache/7/7c0a9ba16fca25ddc7414b2134897435.i failed
Unable to save cache file. Hint: disk full; file permissions; safe_mode setting.
Writing /var/www/srib.no/intern/data/cache/7/7c0a9ba16fca25ddc7414b2134897435.metadata failed
 
Writing /var/www/srib.no/intern/data/cache/7/7c0a9ba16fca25ddc7414b2134897435.i failed
Unable to save cache file. Hint: disk full; file permissions; safe_mode setting.
Writing /var/www/srib.no/intern/data/cache/7/7c0a9ba16fca25ddc7414b2134897435.xhtml failed

Her er ei kjapp innføring i nokre av dei vanlegaste tinga de kjem til å gjere på dei nye nettsidene til srib. Som grunnregel vil me helst at de lagar ei sak per program per veke, for å halde sida og lesarane/lyttarane oppdatert.

Skrive ei nettsak

  • Opne srib.no og sjå til at sida ser ut som den skal. Dersom ikkje, send mail til Andreas
  • Gå til srib.no/wp-admin og trykk Posts > Add New
  • Det er fem ting som må fyllast ut: Tittel, Sak2, Excerpt3, Category4 og Custom Field > Byline5
    • Tittel: sjølvforklarande, helst litt kort og med det viktigste i sak
    • Sak: Sjølve saka, utan ingress, avslutt gjerne med eit avsnitt som seier noko om programmet, sendetid og så vidare
    • Excerpt: Ingress, anslag, kall det kva du vil. Dette er det som blir vist på framsida og over byline
    • Category: Huk av ved programnamnet ditt, ikkje ved redaksjon.
    • Custom Fields > Byline: Velg Byline, skriv inn namnet ditt i feltet og trykk Add Custom Field
  • Bilde: Dersom du ynskjer eit bilete til saka, trykk på over skriveboksen. Du kan enten velje eit bilete som alt er lasta opp i galleriet (Gallery), eller laste opp eit nytt.
    • Bileter herfrå har du lov til å bruke dersom du linkar tilbake til originalbiletet.
    • Nytt bilete: Finn eit bilete du vil bruke (bruk helst bileter du har lov til å nytte) og last opp. Finn stien til fila (Path), og lim dette inn i feltet nedanfor skrivefeltet.
    • Galleri: Velg eit bilete i galleriet (Media > Library). Dersom det skal vere hovudbiletet, skal det vere 650×350 px. Bruk “Crop” og “Resize” for å få det til riktig størrelse. Finn så filnamnet (under Path). Lim dette inn i Custom Fields > Hovedbilde. Vanlegvis er det heilt greit med programlogoen din (som du kanskje finn i logomappa).
  • Klikk Preview øvst i høgre hjørne, sjå om alt fungerar ordentleg.
  • Klikk Publish
  • Opne srib.no og sjå til at sida ser ut som den skal. Dersom ikkje, send mail til Andreas.
  • Dersom alt er ok, klapp deg sjølv på ryggen.

Legge opp ein lydsnutt

  • Fiks lydsnutten (intervju/innslag/trailer) og lagre i DigAS. Ha gjerne med ein liten jingle for programmet ditt fremst.
  • Eksporter, ved å høgreklikke på fila, og trykke Convert.
  • Velg MPEG Layer-3
  • Opne srib.no og sjå til at sida ser ut som den skal. Dersom ikkje, send mail til Andreas.
    • Gå til srib.no/wp-admin og trykk Innlegg > Nytt innlegg (meir i instruksjonen over)
    • Skriv litt om snutten.
    • Dersom du vil ha bilete, sjå instruksjonen over.
  • Last opp lydfil ved å klikke på over skriveboksen, og klikk «Bla Gjennom». Finn lydsnutten du eksporterte og last opp.
    • Finn stien til fila (Path), og kopier (Ctrl+C) sjølve filnamnet. Legg filnamnet inn i ein [audio:]-tag. Den vil til dømes sjå omlag slik ut:
  • Klikk Preview øvst i høgre hjørne, sjå om alt fungerar ordentleg.
  • Klikk Publish
  • Opne srib.no og sjå til at sida ser ut som den skal. Dersom ikkje, send mail til Andreas.
  • Dersom alt er ok, klapp deg sjølv på ryggen.

Laste opp ein podcast

  • Opne podcast.srib.no og sjå til at sida ser ut som den skal. Dersom ikkje, send mail til Andreas.
  • Lag eit podcastversjon av sendinga (ta vekk spelelistemusikk og anna musikk frå fila).
  • Lagre i DigAS med ein god tittel: Program – dato – evt. tittel (td. Kinosyndromet – 19.02.10 – Bruce Willis-temasending)
  • Finn “Program”-rullefana, og plukk ut ditt program.
    • Skriv ein kort omtale om programmet, innslag, programleiarar i “Description”-boksen
  • Trekk over i databasen som heiter Podcast
  • Opne podcast.srib.no og sjå til at sida ser ut som den skal. Dersom ikkje, send mail til Andreas.
  • Dersom alt er ok, klapp deg sjølv på ryggen.

Nerdleg helsing, Andreas.

brukermanual.txt · Sist modifisert: 2011/17/10 18:19 av admin
 
Recent changes RSS feed Donate Powered by PHP Valid XHTML 1.0 Valid CSS Driven by DokuWiki